torsdag 9. mai 2013

Korleis kan undervisninga varierast?


Etter å ha vore i praksis sitter eg igjen med mange nye idear og tankar tilknytte spørsmålet; Korleis kan undervisning varierast? I læringsplakaten på udir.no står det nedfelt fleire punkter som vi som lærarar må fokusere på i skulen, og eg har valt å hente ut to av dei. Skolen og lærarbedrifta skal: Fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar. Stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane(udir.Læringsplakaten). Eg vil i dette blogginnlegget leggje størst vekt på praktiske tips og døme som kan bidra til å skapa ein mer variert undervisning i norskfaget.  

Det er mange muligheiter innenfor norskfaget i barneskulen, men eg trur kanskje vi kan gå litt tom for idear på korleis vi kan variere undervisninga. Derfor ynskjer eg nå å komme med nokre tankar og forslag til kva vi kan gjere for å variere undervisninga, også ynskjer eg at dykk (mine medstudentar) kommenterer og kommer med deira tankar og idear. Eg vil utfordre meg sjølv og dykk til å dele meir i skulen, for eg trur vi har veldig mykje å lære av kvarandre.

Eg trur det er viktig at elevane får lov til å være meir aktive i norskfaget, ikkje bare sitte stille, lese og svare på spørsmål i arbeidsboka. Derfor vil eg nå komme med nokre døme på arbeidsøktar kor elevane får bruke seg sjølv meir praktisk og fysisk i undervisninga.

Det første dømet eg har heiter Hand up, stand up. Det er ein morosam aktivitet som ikkje trenger å ta så lang tid, men som er veldig effektiv. Elevane kan sjølv skrive ned spørsmål og svar på ein lapp, eller så kan du som lærar skrive ned ferdige lappar om det er meir spesifikke ting du ynskjer å øve på. Arbeidsmetoden går ut på at elevane går rundt i klasserommet, rekker opp ein hand, tar high five med ein klassekamerat også stiller dei kvarandre spørsmåla som er på lappen. Klarer dei ikkje å svare på spørsmålet, så leser dei svaret for kvarandre. Når begge har lest og svart på spørsmålet bytter dei lapp, og rekker opp handa igjen og går vidare til neste. Målet med denne øvinga er at elevane får bevege seg rundt i klasserommet, vere sosiale og øve seg i å ordleggje seg munnlig, og ikkje minst repetere fagstoff frå timen. Eit døme frå norskfaget kan være å øve på ordklasser. Kva for ein ordklasse tilhører ordet hus? Også må elevane sjølv tenke etter og forhåpentlegvis komme frem til at ordet tilhører ordklassen substantiv.

Stasjonsundervisning er også ein veldig fin måte å variere undervisninga på. Da kan du leggje opp stasjonar som har forskjellige fokusområdar, på den måten får du fokusert på fleire ting innenfor ein eller to skoletimar. Fordelen er også at du førebyggjer støy og uro ved at elevane oftare bytter aktivitet og på den måten oppretthald dei motivasjonen.
Døme på stasjonar kan være ein sjølvgåande stasjon med øvingsoppgåve på nett, ein lærarstyrt kor læraren og kvar enkelt elev får muligheit til mer tilpasset opplæring. Ein øving på Smart Board kor elevane kan jobbe praktisk på tavla, og ein stasjon kor elevane jobba sjølvstendig i arbeidshefte med ulik vanskelig heits grad. Stasjonsarbeid kan vera litt utfordrande i forhold til uro, så det er viktig med ein god struktur i klasserommet og at du som lærar er ein tydelig leiar.

Vidare tenkjer eg at rollespill kan være veldig lærerikt i norskfaget.  Det kan bidra til å auke elevanes munnlige ferdigheiter, gi utspring for elevanes kreative tankar og idear, og styrke klassemiljøet. Ein tenkt undervisningssituasjon er at ein klassen jobbar med forteljingar , til dømes Reve enka. Elevane får i oppgåve å komme med ein ny tolking av forteljinga som dei skal framføre for medelevane. På den måten får elevane øvd seg på å jobbe nyfikent, munnleg, tenkje sjølvstendig og samarbeide i norskfaget.   

Dette er nokre av mine tankar og idear etter å ha vore i praksis i skulen. Nå vil eg gjerne høre nokre av deira forslag til ein meir variert norsk undervisning. Har du nokre tankar du vil dele? Og korleis tenkjer du at ein variert undervisning kan påverka elevanes læring? 

Nettkilder: 
Hentet: 09.05.2013
http://www.udir.no/Lareplaner/Kunnskapsloftet/Prinsipp-for-opplaringa/Laringsplakaten/