Etter å
ha vore i praksis sitter eg igjen med mange nye idear og tankar tilknytte
spørsmålet; Korleis kan undervisning varierast? I læringsplakaten på udir.no
står det nedfelt fleire punkter som vi som lærarar må fokusere på i skulen, og eg
har valt å hente ut to av dei. Skolen og lærarbedrifta skal: Fremme tilpassa opplæring og
varierte arbeidsmåtar. Stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant
elevane og lærlingane/lærekandidatane(udir.Læringsplakaten). Eg vil i dette blogginnlegget leggje størst
vekt på praktiske tips og døme som kan bidra til å skapa ein mer variert
undervisning i norskfaget.
Det er
mange muligheiter innenfor norskfaget i barneskulen, men eg trur kanskje vi kan
gå litt tom for idear på korleis vi kan variere undervisninga. Derfor ynskjer eg
nå å komme med nokre tankar og forslag til kva vi kan gjere for å variere
undervisninga, også ynskjer eg at dykk (mine medstudentar) kommenterer og
kommer med deira tankar og idear. Eg vil utfordre meg sjølv og dykk til å dele
meir i skulen, for eg trur vi har veldig mykje å lære av kvarandre.
Eg trur
det er viktig at elevane får lov til å være meir aktive i norskfaget, ikkje
bare sitte stille, lese og svare på spørsmål i arbeidsboka. Derfor vil eg nå
komme med nokre døme på arbeidsøktar
kor elevane får bruke seg sjølv meir praktisk og fysisk i undervisninga.
Det
første dømet eg har heiter Hand up, stand up. Det er ein morosam aktivitet
som ikkje trenger å ta så lang tid, men som er veldig effektiv. Elevane kan
sjølv skrive ned spørsmål og svar på ein lapp, eller så kan du som lærar skrive
ned ferdige lappar om det er meir spesifikke ting du ynskjer å øve på. Arbeidsmetoden
går ut på at elevane går rundt i klasserommet, rekker opp ein hand, tar high
five med ein klassekamerat også stiller dei kvarandre spørsmåla som er på
lappen. Klarer dei ikkje å svare på spørsmålet, så leser dei svaret for kvarandre.
Når begge har lest og svart på spørsmålet bytter dei lapp, og rekker opp handa
igjen og går vidare til neste. Målet med denne øvinga er at elevane får bevege
seg rundt i klasserommet, vere sosiale og øve seg i å ordleggje seg munnlig, og
ikkje minst repetere fagstoff frå timen. Eit døme frå norskfaget kan være å
øve på ordklasser. Kva for ein ordklasse tilhører ordet hus? Også må elevane
sjølv tenke etter og forhåpentlegvis komme frem til at ordet tilhører
ordklassen substantiv.
Stasjonsundervisning
er også ein veldig fin måte å variere undervisninga på. Da kan du leggje opp
stasjonar som har forskjellige fokusområdar, på den måten får du fokusert på
fleire ting innenfor ein eller to skoletimar. Fordelen er også at du førebyggjer
støy og uro ved at elevane oftare bytter aktivitet og på den måten oppretthald dei
motivasjonen.
Døme på stasjonar kan være ein sjølvgåande stasjon med øvingsoppgåve på nett, ein
lærarstyrt kor læraren og kvar enkelt elev får muligheit til mer tilpasset
opplæring. Ein øving på Smart Board kor elevane kan jobbe praktisk på tavla, og
ein stasjon kor elevane jobba sjølvstendig i arbeidshefte med ulik vanskelig heits
grad. Stasjonsarbeid kan vera litt utfordrande i forhold til uro, så det er
viktig med ein god struktur i klasserommet og at du som lærar er ein tydelig
leiar.
Vidare
tenkjer eg at rollespill kan være veldig lærerikt i norskfaget.
Det kan bidra til å auke elevanes munnlige ferdigheiter, gi utspring for
elevanes kreative tankar og idear, og styrke klassemiljøet. Ein tenkt
undervisningssituasjon er at ein klassen jobbar med forteljingar , til dømes Reve enka. Elevane får i oppgåve å komme med ein ny tolking av forteljinga som
dei skal framføre for medelevane. På den måten får elevane øvd seg på å jobbe
nyfikent, munnleg, tenkje sjølvstendig og samarbeide i norskfaget.
Dette er
nokre av mine tankar og idear etter å ha vore i praksis i skulen. Nå vil eg gjerne
høre nokre av deira forslag til ein meir variert norsk undervisning. Har du
nokre tankar du vil dele? Og korleis tenkjer du at ein variert undervisning kan
påverka elevanes læring?
Nettkilder:
Hentet: 09.05.2013
http://www.udir.no/Lareplaner/Kunnskapsloftet/Prinsipp-for-opplaringa/Laringsplakaten/